(Mars 2004; lesarbrev Øyposten)


Etter 9 månader i Pattaya sit eg nå igjen med over 1000 barns auge prenta inn på netthinna mi. Augo som alltid såg mot meg med total tillit, respekt og lengsel. Augo som nokre gonger skugga over, auge med ei usikker framtid og ei tøff fortid.

Å ta farvel var tungt. Born frå Thailand er så audmjuke og takknemlege. Dei har så glitrande auge og bøyer seg så kjærleg framover når dei tar farvel med ein dei respekterer. Dei folder hendene sammen, og løfter dei opp mot nasen i det Thailandske helsemåten 'wai' og vender augo og nakken ned mot bakken. Deretter kommer det ei utstrekt hand eller eit smil som fortel meg dei vil huske meg.

 

På ein institusjon kalla Streetkids, kor eg var fotball trenar var det nesten ubehageleg å seia farvel. Barna har anten budd på gata, eller jobba på gata (der kjem namnet Streetkids frå). Nokre av borna der har arbeida som prostituerte, born heilt ned i 5 års alderen. Nokre gjorde det fordi dei trengte pengar til å overleve, nokre var seld til mafiaen og hadde null val, og andre vart seld av foreldre til eldre utanlandske menn. Når falangen (Thai namn på kvit utlending) reiste heim var gata som regel einaste løysninga, til neste falang kom. Song, den talentfulle guttejenta som endeleg vågde vera del av fotball treninga er min stolthet. Når eg dreg er det usikkert om ho våger igjen sidan eg som kvinneleg trenar gjorde at ho vågde ta ertinga frå dei andre gutane. Og så var det Ta, ein 12 år gamal gut som bare vil klemme og bli holdt rundt. Hans avskjed er mi mest smertefulle oppleving. Då eg sa "eg dreg nå, ta vare på deg sjølve" kjem det eit forvirra utrykk på ansiktet hans og han går mot meg, held armane hardt rundt meg og stiller seg på tå. Smilende prøver han å kysse meg på munnen, som om han trur det kan få meg til å bli. Korleis kan eg fortelje eit barn som har fått betaling for å tilby seksuelle tenester at eit born skal aldri måtte vise kjærleik til vaksne slik. (PS: I Thailand vil eit barn ALDRI andre voksne på munnen eller på kinnet osv., slik som dei kan gjera i nokre andre samfunn). Eg tek Ta's ansikt mellom hendene mine og vender det mot armkroken istedet. Eg held hendene over augo hans og tar en liten dans med han. Han kviler tillitsfull mot meg- og når eg lar han titte igjen ser eg ei lita tåre i augo hans, men viktigare enn noko anna; eg ser barnet i augo hans igjen.

 

Eg er overvelda over alle disse borna, som lever eit liv i usikkerhet og utrygghet. Kva alle desse borna har til felles er total avhengighet av vaksne. Borna i fengselet eg arbeida har anten forlatne av sin respektive forsørgjar eller villeda av dei. Dei har enten seld dop, røykt sjølve, stålet eller blitt tvungen av eldre til å gjera noko kriminelt.

 

Borna sine tillitsfulle auge. Eg kan enda sjå dei, alle dei borna som såg mot meg kvar gong eg kom saman med partneren min. Kvar gong eg spela fotball med dei, kvar gong lærte dei korleis ein spelar ultimate frisbee, kvar gong me gjorde våre times lange leksjonar om HIV/AIDS og risiko aktivitetar. Kvar gong me sat ned og snakka alvor med dei, om kva slags lekene me gjorde, lekar som fekk dei til å le og nyte livet, kva desse lekene kan fortelje oss om samhold, tillit og kommunikasjon. Born vil så gjerne tru på oss vaksne, dei vil så gjerne tilfredsstille oss. Dei vil så gjerne ha bekrefting på deira eksistens og aksept for den dei er. Dei vil så gjerne bli elska. Det en den makt me har over dei. Makte til å forme dei, og til å gi dei ein slags tryggleik; ekte eller falsk. Makta til å villeie, makta til å utnytte deira sårbare unge sjel.

 

Eg er ikkje lenger i Pattaya, eg er heller ikkje på Sjernarøy kor eg voks opp. Men nyheter reiser så fort for tida. På mi netthinne ser eg nå fleire born sine auge. Eg har titta inn i alle desse augo sjølve, nokre av desse auga kjenner eg så altfor godt. Eg føler skyld fordi eg ikkje gjorde meir, at eg ikkje spurte dei om kva eg frykta skjedde faktisk skjedde. Eg advara, men eg gjorde aldri meir. Det må eg leve med.

 

Dei borna eg forlet i Pattaya i Thailand har ei usikker framtid i møte. Barna i fengselet veit ikkje kva som ventar dei når dei slepp ut. Det er ingen oppfølging av dei. Borna utan fødselsattest og utdanning eksisterer ikkje i Thailand og det er ein stor sjanse for at dei blir utnytta i framtida. Borna på Streetkids treng psykologisk hjelp dei aldri mottar. Borna som har HIV/AIDS vil ein dag dø. Ingen vaksne vil på noko tid bli straffe for alle desse barna sin tunge oppvekst og usikre framtid. Deira stemme blir så altfor sjeldan høyrd. Frå den dag barn er født har dei ein lojal tillit til vaksne, ein tillit som desseverre kan bli misbrukt.

 

Heime, der eg voks opp rullast nå ei sak opp. Born sine tillitsfull augo har blitt misbrukt. Barn har tidd om ei smertefull sanning i så altfor mange år. Og sjølv om mange er vaksne i dag er det barnet i dei som er misbrukt og som taler i dag. Man seier at ein får sanninga frå fulle menn og barn. Likevel veit me at barneauge og barnesjeler kan bære på smertefulle løyndomar. Løyndomar born ikkje skulle ha, men nokre gonger ønskjer ikkje vaksne høyre sanninga. Nokre gonger ynskjer vaksne ikkje å vite sanninga sidan det skader oss sjølve og vårt syn på sanninga og livet. Nå må me lytte og akseptere at barn taler til oss.

 

 

 

 

Barneauge