(August 2003; lesarbrev Øyposten)


Det er borna her som når fram til meg når kvardagen byrjar å bli tung og rutineprega. Det er borna som gir meg meir energi og fortel meg at det eg gjer ikkje er forgjeves, sjølv om det nokre dager kan virka sånn.

 

Sjølv her, i Pattaya Thailand kan ein ha kvardagar. Å vera frivillig består diverre ikkje berre av å donera si tid til lokalsamfunnet og arbeida mot ein meir rettferdig verden. Her, som så mange andre stader handlar det om å pleie forholdet til samarbeidspartnerar, institusjoner å samfunnet og den ein arbeidar samman med. Då er det greit å ha klarlagt kva mål ein har, halda seg til jobben ein er her for å gjera, og la personlige vinningar vike til side. Den negative sida ved denne erfaringa er at for mange å denne virkæmda speglar seg å glorien av å vera frivillig og altrusitisk. Alt for monge lar dette bli ein jobb, og tar sjølve æra for all framgang, istadanfor å gi dei lokale æra for at me får lov til å gjera det arbeidet me gjer her. Utan deira positive tilbakemelding til alle frivillige ville arebidet her aldri vore mogleg å få til.

 

Etter å ha vore her å Pattaya å snart 4 månadar har eg opplevd mykje fantatisk. Nå arbeidar me å fleire forskjellige insitusjonar her; me driv med idrettsrelaterte treningar for barn og voksne, me har gymtimar på eit senter som heiter Fountain of Life, me kursar og overser 6 forskjellige statlige skular å eit distrikt som heiter Banglamung. Me arbeidar også med det å starte å gang idrettseriar, eit prosjekt som kjem å gong neste vår når me er dratt.

 

Men den største oppleving her er å vera del av eit senter som heiter Camillian Social Center. På senteret bur det 33 born, kor 28 har HIV/AIDS. Alle borna er født med HIV og dei fleste er forledrelause sidan foreldra allereie har dødd av sjukdommen. Dei som ikkje allereie har mista foreldrene sine er blitt forlatte av sine familiar på grunn av sin sjukdom, ein sjukdom dei heilt uskyldig har fått. Desse borna er meir livsglade og sprudlande enn monge born eg har møtt i mitt 32 årige lange liv. Enda dei går på medisin og kan ha dager som er tøffe, er dei alltid til stades kvar fredag klokka 10:00. Då kjem me med lokal bussen, ein tur som tek oss ca. 1,5 time frå Pattaya. Me blir først møtt med høflige Thailandske helsingar før dei spring oss å møte og gir oss klemmar! For meg er lille Pang på 3 ei jente eg har knytta spesielle bånd til, og tanken på at ho kanskje har maksimum 10 år igjen å leva er tung å akseptera. Ho er ein av dei få på senteret som ikkje er etterlatt av familien. Mora bur på senteret og hjelper til med å ta vare på dei vaksne pasientane som bur der. Senteret tar også imot AIDS paseienter som er sine siste stadier å livet, og gir dei ein verdigfull død. Men lille Ou på 12 år,som me har blitt godt kjent med vil nok snart måtte gi opp kampen. Det er sjeldan å oppleve døden på så nært hold, og sjeldan at det born som kjemper ein så tung kamp.

 

Kva er det som gjer at Thailand er eit land med så mange HIV ofre? Kvifor er heile 290,000 barn foreldrelause pga. Hiv, og kvifor er 21,000 barn smitta av viruset? I 2001 hadde 1,8 % av dei 62 million innbyggjerane i Thailand diagnosen HIV/AIDS. Heile 650,000 vaksne er smitta og av dei er 36% kvinner. For å forstå dette må ein rett og slett forklara kulturen deira. Her er det motsetjande verdiar, noko som gjer Thailand til eit komplisert land å forstå seg på.

 

Thailand har ein merkelig kultur som ikkje er lett å tolka alltid. Kvinnene sine rettigheter og generell trufasthet er ikkje slik som man oppfattar det i Noreg. Her er det ofte kjæresten eller ektemannen som tvinger kjæresten eller kona til å leggje seg flat etter en kjærlighteshungrig middelaldrende mann som villig bretter opp lommeboka for sin unge søte Thailanske kjæreste. Historiane om menna som kjøper hus i hennar namn og etterkvart opdagar at ho bur der saman med ein mann som ikkje er broren, men ektemannen, er altfor mange. Kvinnene som jobbar i barene her, anset ofte ein tolk til å senda brev til sine opptil 10 forskjellige kjærestar verda over. I desse breva ber dei ofte om pengar fordi mora er sjuk, mopeden gjekk sunt, huset brant ned osv. Fantasien stoppar dei ikkje, og det gjer heller ikkje samvetet. Og det å et land som er eit av de største buddistiske samfunn å verden, ein filosofi (eller religion alt etter kven ein snakkar med) som er bygd opp med fokus på medmenneskelege og indre verdier. Og enda verre blir det å forstå dette når far og mor sel dattera for ein billig penge til bar-eierane i Pattaya, Phuket og Bangkok, kor dei ofte blir utnytta som prossituerte. Enda verre igjen er det når borna er for sal.

 

Byen Pattaya, som eg bur i er ein åpenhjertig synding by. Her blir få behandla godt og rettferdig; kvinner, barn og menn kan kjøpast for ein slant penger. Barn blir solg til pedofile fra heile verda som ofte kan herja fritt her og lengre tider. Blir dei først tatt kan dei risikiere livstid eller verre: døden. Som regel slepp dei fri igjen sidan penger har ein utruleg makt her, som så mange andre stader å verda. Som i alle slike samfunn og tilfeller er det dei svake som må betale; dei som ikkje kan snakke for seg sjølve. Her det barna og kvinnene. Men det som er tragedien bak det hele er menna i dette samfunnet. Det er tal som seier at heile 85% av Thailandske menn er utru mot kona minst ein gong per månad. Det er mennene som sprer HIV til kone og barn, ikkje kvinnene som arbeider i den kommersielle sex-industrien. Dei beskytter seg så godt dei kan, men når asiatiske menn oppsøker barane og kvinnene her, er dei totalt uniteresserte i å bruke beskyttelse. Og kvifor oppfører så menna seg slik her? Vel, ein av årsakene er at innanfor Buddismen skal man ha seksuell avholdenhet. Dvs. at i eit ekteskap skal ein bare ha seksuell omgang med ektemaken når ein vil ha barn. Dette har gjennom generasjoner ført til eit system med gledespiker og mangekoneri. Forstå logikken den som kan. Thailand er eit land som er kjent for sal av seksuelle tjenester og kan langt frå skryte på seg å vera eit forbilete med omsyn til seksuell avholdenhet.

 

Men, tilbake til dei stakkars barna her. Kva slags rollefigurar har dei å eit samfunn som Pattaya kor det er opptil 4000 barer med meir enn 10.000 kvinner som arbeidar i ein eller annan form for sex-industri? Kva slags verdiar gir foreldrene til sine barn nå dei lar dei sjå kva slag liv dei lever her i Pattaya, kor det er hundrevis av eldre einsame mann på jakt etter ei ung Thailandks kvinne til å live opp kvardagen sin med. Eller ein ung Thailandsk gutt for den saks skyld. Her er alt lov, og ingen ser ut til å setja grenser. Så når mitt opphold her er over er det tvilsomt om eg har endra framtida for så mange born. Men eg har nå gjort mitt for at barndommen blei rikare og meir full av latter og glede for dei 500 hundre barna eg har kome i kontakt med her i Pattaya.

 

 

 

 

Når kvardagen blir tung