(Mai 2003; lesarbrev Øyposten)

 


Det gjekk fort, dei seks dagane eg hadde i Montreal. Utruleg fort, og før jeg visste ordet av det var jeg og Stephanie på veg til Pattaya i Thailand. En tur som aldri såg ut til å ta slutt. Vi byrja laurdag morgon klokka 4.00 og landa i Bangkok sundag klokka 22.00. Vel er det 11 timars tidsforskjell, men med 4 forskjellige fly og fire forskjellige flyplassar kan det bli ein lang tur. Men det var eit godt høve for Stephanie og meg til å bli betre kjent.

 

Stephanie og eg skal bu og arbeida i lag med i 6,5 månadar. Me hadde allerede budd saman på hotellet vi var innlosjert på i Montreal. Me var blitt godt kjent, og hadde også møtt 45 andre frivillige som har reist eller kjem til å reise ganske snart. Pga. SARS var treningsperioden korta ned med 5 dagar, og flytta frå Toronto til Montreal. Dagane var fulle av informasjon, det meste om livet i ein flyktningsleir, korleis ein skal arbeida med barn, og korleis ein kan kommunisera godt til tross for språkbarrierer og kulturforskjeller.

 

Right To Play har nettopp skifta namn, og var før kjent som Olymic Aid. Norge har æra av å være landet som starta opp med å samla inn penger til veledige formål under det Olympiske flagg. Det var i 1993 at den NOC (Norwegian Olympic Committee) bestemte seg for å markera at den Olympiske ånd og grunnide er imot krig og nasjonalistiske holdninger. Krigen som herja i Europa og den tidligere Olymiske byen Sarajevo som låg i ruiner var bakgrunnen for denne avgjørelsen. OL på Lillehammer i 1994 blei på mange måtar også eit vendepunkt for IOC (International Olympic Committee). Ingen gløymer vel Vegard Ulvang som talte Samaranch midt imot, og at etter Lillehammer OL blei det publiserte bøker om pampeveldet i IOC, samt skandalen Salt Lake City OL blei opprulla.

 

Lillehammer OL samla inn 18,0 US$ til Olympic Aid (Atlana OL i 1996 samla inn 13,0 US$) og Johan Olav Koss fekk internasjonal berømmelse for sine sigrar, men mest fordi han donerte pengene han vann til Olympic Aid. Han var på framsida av Time, eit av verdas mest anerkjente magasiner. Men kvifor valgte Koss å involvera seg slik i dette projektet?

 

Johan Olav Koss blei 1993 spurt av NOC å reisa til Eritrea som amassadør for Olympic Aid. Han sa ja, men under tvil sidan han ver redd for eventuelle komplikasjoener (sjukdom osv.). Denne turen endra hans liv, slik som den han endra andres liv etter den tid. Koss oppdaga at idretten har ein enorm evne til å samla unge mennesker, men ikkje bare det. I eit land kor barn såg opp til soldatar og martyrar oppdaga han at dei også idoliserte idrettshelter. Han oppdaga at den meste populære gutten i gata var han med lange ermer på skjorta; dette fordi dei kunne laga ein ball av den skjorta ved å knyte de langre ermene rundt andre T-skjorter.

 

Johan Koss fortsatte sitt arbeid med Olympic Aid. Først frå Brisbane, Australia og deretter frå Toronto, Canada. For tre år sidan byrja dei å senda ut frivillieg i feltet. Frå å være ein organisajon som samla inn penger, byrja dei å jobba i feltet. Deretter skifta dei namn, fordi Olympic Aid blei misvisande og hindra dei i å henta inn sponsorpengar sidan det er kun få organisajoner/sponsorer som har rettigehter til å sponsa formål under det Olympiske flagget.

 

I dag er det ca. 90 frivillige i arbeid jorda rundt, dei fleste Canadiske. Dei fleste prosjekt er i Afrika, eit i Belize, og nokre få i Asia. Eg og Stephanie er prosjekt koordinatorer for det einaste prosjektet som ikkje er i ein flyktntingsleir. Vi er i Pattaya, Thailand. Kvifor spurte vi oss sjølve. Etter ei veke her ser vi kvifor. Pattaya er ein trist, trist by, og ein trist, trist historie om menns makt over kvinner og den hvite manns behov for kjærleik og ei hand å holde i. Ein plass som knapt viste på kartet for 30 år sidan, har i dag 56,000 innbyggjarar. Mykje er dessverre bygd på sex-turisme og salg av narkotika. Noko som har ført til ein enorm ubalanse i samfunnet; nokre mennesker er for salg her.

 

Når ein nærmar seg sentrum av Pattaya er det eineste ein kan sjå unge vakre kvinner (og transvesitter) sammen med eldre, lite attraktive menn. Barane ligg som perler på ei snor. Kvinner roper etter ein nå ein vandrer gatelangs. Til og med kvinner blir tilropt. Eg liker ikkje å overdriva, men som kvinne kan man ikkje anna enn å føla ein djup forrakt for det ein ser. Ekte kjærlighet eksisterer nok, men vilken nedverdigande måte å finna den på, og vilken pris det Thailandske samfunn har betalt for det.

 

Landet slit med ein av dei største prosentane av AIDS/HIV i verda. Barna lir,dei veks opp i eit samfunn som tolerer at kvinner sin framtid er i ein bar. Mange barn har ingen foreldre. Mange barn har HIV, ei gåve dei får av ei mor som er HIV positiv. Dei fleste kvinner får i dag hiv frå sine menn, som dessverre er like ivrige horekunder som kvite vestlige turister. Forskjellen er at turistene aksepterer at kvinnene bruker kondom. Asiatiske menn nekter ofte å bruke det og sprer smitten videre til kone og barn.

 

Thailand er eit vakkert land med snille mennesker. Mennesker som let andre (turister) ta av det gode landet kan gi, men vi gir egentlig bare sjukdom, fattigdom og avhengighet tilbake. Sakte men sikkert tar me frå landet ei framtid. Right To Play er ikkje her for å dumpe fotballer, men for å lære opp mennesker i lokalsamfunnet til å ta vare på kvarandre. Sport og idrett er vårt medium. Me skal samarbeide med skulane her, ha intensive treningsøkter kore me trener opp lokale trenere, og me arbeider med barn i barneheimar av ymse slag. Vår 1obb er å leke med dei samtidig som me gjennom lek og idrett bevisstgjer dei på samhold, lederevner, helse, hygiene, positiv tankegang og mental helse. Målet er å gjera dei tryggare på seg sjølve og gi dei kunnskap om sin egen kropp og potensielle sjukdomar. Her i Pattaya er HIV/AIDS utbredd og det er sjokkerande få som veit korleis dei eigentlig får det. Dette informerer me om via lek og sport.

 

Sakte men sikkert skal me trena opp mennesker i lokalsamfunnet til å ta over prosjektet vårt den dagen Right To Play pakker sakene sine og drar. Det er spanande tider framover, og det å leke med barna her er ein fantastisk oppleving. Latteren og iveren i auga gjer det å lære bort vår kunnskap til andre ei gåve i kvardagen. Det gjer også den sjansen me er gitt til utgjer den lille forskjellen for desse små verdensborgere til ein plikt meir enn ei oppleving for livet. Så mange har latt dei i stikken, det er vår oppgave å gi dei ein sjanse til.

 

 

 

 

 

 

 

Ein sjanse til